Vil få fleire seniormenn med i frivilligheita
Eit nytt nasjonalt prosjekt skal samle gode døme på kvifor – og korleis – ein kan leggje betre til rette for aktivitetar for seniormenn i frivilligheita.
Eit nytt prosjekt skal samle argument og gode døme på kvifor det er viktig å leggje til rette aktivitetar for seniormenn i frivilligheita.
(Informasjonen i denne saka er i hovudsak henta frå aldersvennlig.no)
Vofo er samarbeidspartnar i prosjektet og deltek i prosjektgruppa saman med mellom andre Nasjonalt senter for aldring og helse, Norske Kvinners Sanitetsforening og Norges frivilligsentraler. Prosjektet blir leia av Senteret for eit aldersvennleg Noreg.
Prosjektet er no i oppstartsfasen, og resultata frå arbeidet skal presenterast neste år. Målet er både å utvikle tydelege og kunnskapsbaserte argument for kvifor det er viktig å nå menn betre, og å vise fram konkrete døme på aktivitetar og tiltak som fungerer i praksis. Desse døma skal vere til nytte for kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar som ønskjer å få fleire seniormenn med.
– Læring og deltaking i frivillige organisasjonar gir meining, meistring og fellesskap – også langt utover det formelle arbeidslivet. For mange menn kan frivilligheita vere ein viktig arena for både sosial tilknyting og livslang læring, seier rådgjevar Ragnar Johansen, Vofo sin representant i prosjektet.
– Når vi legg betre til rette for at seniormenn kan delta, nyttar vi ein stor ressurs – både for den enkelte og for samfunnet.
Eit alvorleg bakteppe
Bakgrunnen for prosjektet er alvorleg. Eldre menn er ei gruppe som i større grad enn andre står i fare for einsemd, dårleg psykisk helse og utanforskap.
– Tre av fire som tek sitt eige liv er menn, og eldre menn er særleg utsette, seier Eivind Aakhus, fagsjef for psykisk helse ved Aldring og helse.
Menn over 80 år er sterkt overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken. Årsakene er samansette og kan handle om alt frå tap av ektefelle og sosialt nettverk til skjulte psykiske plager, rusproblem og normer knytte til mannsrolla.
– Tal frå Helsepolitisk barometer viser også at menn i mindre grad enn kvinner planlegg det sosiale livet sitt som eldre. Kvinner møtest oftare i foreiningar og sosiale nettverk, medan menn i stor grad har hatt jobben som sosial arena. Når arbeidslivet tek slutt, forsvinn ofte også nettverket, forklarer Lina Frantzen, som leier partnarprosjektet.
Førebygging gjennom frivillig engasjement
Frivilligheita kan spele ei avgjerande rolle i førebyggande arbeid. Gjennom opplæring og aktivitetar i frivillige organisasjonar får seniorar høve til å bruke kompetansen sin, delta i fellesskap og byggje nye nettverk.

– Frivillig vaksenopplæring handlar ikkje berre om kurs, men om å skape møteplassar der folk lærer av kvarandre og kjenner seg verdifulle. Det er heilt sentralt for både folkehelse og demokrati, seier Ragnar Johansen.
Samtidig viser tal frå frivillig sektor at potensialet er stort: 41 prosent av dei som ikkje er frivillige i dag, kan tenkje seg å bli det, medan heile 70 prosent seier at dei ikkje har vorte spurde om å bidra det siste året.
Skal vere lett å ta i bruk
Prosjektet samlar partnarar med ulike roller, erfaringar og perspektiv – noko som er ein styrke, meiner prosjektleiar Lina Frantzen.
– Skal vi lykkast med å skape eit meir aldersvennleg Noreg, må vi samarbeide på tvers. Partnarane i dette prosjektet har ulike nettverk og kompetanse som er heilt avgjerande for å få fram både kunnskap og praktiske løysingar.
No arbeider prosjektgruppa med å hente inn innsikt om kva slags aktivitetar som ser ut til å treffe seniormenn best, og korleis dette kan presenterast på ein måte som gjer det enkelt å bruke.
Målet er å utvikle innhald som kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar lett kan ta i bruk i sitt eige arbeid – og slik bidra til fleire meiningsfulle møteplassar for menn.
👉 Les meir om prosjektet på Aldersvennlig.no