Etterlyser «sosial transport på blå resept»
Gode møteplassar er ikkje nok dersom dei som treng fellesskapet mest, ikkje kjem seg dit. Manglande transport kan vere ei vesentleg hindring for eldre som lever isolert, meiner Vofo-rådgjevar i Møre og Romsdal Ragnar Johansen

Når vegen til fellesskapet blir for lang
Rundt 100 deltakarar var samla på NTNU i Ålesund då Ålesund senioruniversitet inviterte til temakveld om «Helse i moden alder». På programmet stod fysisk aktivitet og helse, ABC for god psykisk helse og digital helseinformasjon.
Rådgjevar Ragnar Johansen representerte Voksenopplæringsforbundet (Vofo) og snakka om ABC for god psykisk helse og arbeidet med å inkludere fleire eldre menn i sosiale fellesskap.

Vofo er engasjert i Møre og Romsdal fylkeskommune sitt arbeid med ABC for god psykisk helse. I foredraget informerte Johansen både om innhaldet i ABC-arbeidet og om oktoberkampanjen som skal gjennomførast i regi av fylkeskommunen, i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar.
Korleis når vi dei som er verkeleg einsame?
Etter foredraget fekk Johansen spørsmål om ei utfordring som går rett til kjernen av arbeidet mot einsemd: Korleis når ein dei som er «verkeleg einsame»?
For Johansen handlar svaret ikkje berre om å etablere gode aktivitetar og møteplassar. Ein må også sjå på kva som faktisk hindrar menneske i å delta.
– Mi erfaring er at transport ofte er ei vesentleg hindring for å nå denne gruppa. Tap av retten til å køyre bil og dårleg offentleg kommunikasjon kan resultere i ein isolert livssituasjon, seier Johansen.
For dei som er mest isolerte, kan dermed sjølve vegen til fellesskapet vere eit hinder.
Johansen meiner derfor det er behov for betre transportordningar dersom fleire skal få høve til å delta.
– Det er eit stort behov for betre transportordningar, for eksempel «sosial transport på blå resept», seier han.
Vofo engasjert i arbeidet med seniormenn
Problemstillinga heng også saman med eit prosjekt der Vofo deltek saman med mellom andre Senteret for eit aldersvennleg Noreg, Nasjonalt senter for aldring og helse, Norske Kvinners Sanitetsforening og Norges frivilligsentraler.
Målet med prosjektet er å utvikle kunnskapsbaserte argument for kvifor det er viktig å nå menn betre, og å finne fram til konkrete døme på aktivitetar og tiltak som fungerer i praksis. Innhaldet skal kunne nyttast av kommunar, frivillige organisasjonar og andre som ønskjer å få fleire seniormenn med.
For Vofo handlar engasjementet mellom anna om å inkludere eldre menn i aktivitetar og møteplassar som kan gi både sosialt og kognitivt utbytte.
– Læring og deltaking i frivillige organisasjonar gir meining, meistring og fellesskap – også langt utover det formelle arbeidslivet. For mange menn kan frivilligheita vere ein viktig arena for både sosial tilknyting og livslang læring, seier Johansen.
Kommunane skal leggje til rette for samarbeid
Johansen peika også på samarbeidet mellom kommunane og frivilligheita.
Folkehelselova § 4 slår fast at kommunen skal fremje helsa og livskvaliteten i befolkninga, bidra til å førebyggje mellom anna psykisk sjukdom og leggje til rette for samarbeid med frivillig sektor.
Lova stiller ikkje konkrete krav til korleis dette samarbeidet skal organiserast eller kva tiltak det skal omfatte. Johansen meiner likevel at praktiske hindringar for deltaking må vere ein del av diskusjonen om korleis kommunar og frivillige organisasjonar saman kan motverke isolasjon.
For dersom menneske som ønskjer eller treng eit sosialt fellesskap ikkje har moglegheit til å kome seg dit, er det ikkje nødvendigvis mangel på aktivitetar som er problemet.
Det kan vere vegen dit.