Korleis nå fram til unge vaksne i utanforskap?
Torsdag 13. juni samlast studieforbund og organisasjonar i Molde for å få eit solid kunnskapsgrunnlag for framtidige tilbod retta mot denne målgruppa.UNGE I UTANFORSKAP ER EIT STORT SAMFUNNSPROBLEM
Torsdag 13. juni samlast fleire ulike organisasjonar, inkludert Møre og Romsdal fylkeskommune og Vofo Møre og Romsdal på Scandic Alexandra Hotell i Molde. Målet med møtet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag for kva type kurstilbud, læringsarenaer, læringformer og læringsaktiviteter som kan bidra til å treffe denne målgruppa.
Vofo sin rådgjevar i Møre og Romsdal, Ragnar Johansen, fortel dette om den kommande samlinga:
– Formålet med samlinga er tydeleg definert: Å etablere eit solid kunnskapsgrunnlag som kan leggje grunnlaget for kurs og læringsaktivitetar som vil inspirere unge vaksne i alderen 15-30 år til å delta aktivt i læringsprosessar. Målet er å skape ein læringsarena som fremjar lysten til å lære, utviklar læringskompetanse, gir opplevingar av mestring og læringsutbytte, anerkjenning for innsatsen, samt nytte av erfaringar for personleg karriereutvikling, seier han.
Programmet for dagen er omfattande og variert, med ulike temaer som vil belyse utfordringar og moglegheiter knytt til målgruppa.
Fylkeskommunen vil informere om utfordringane knytt til målgruppa, før NAV presenterer korleis dei møter denne gruppa og kva regelverk og handlingsrom dei opererer innanfor. Vidare vil det bli presentert aktuell dokumentasjon om læringsutfordringar for unge vaksne, etterfulgt av ei kort pause med kaffe og forfriskningar.
Ulike typar kompetanse og korleis dei vert vurderte vil også bli diskutert, i tillegg til reglar og rammer for VO-aktivitetar innan frivillig sektor. Dagen vil avsluttast med ein refleksjonsrunde der deltakarane får sjansen til å diskutere vegen vidare i utviklinga av tilbod til målgruppa. Samarbeid mellom studieforbund og organisasjonar vil bli vektlagt, samt moglegheiter for større prosjekt der "learning by doing" er sentralt.
Dette læringsmøtet er ei unik høve for alle involverte til å samarbeide, dele kunnskap og skape nye og spennande læringsmoglegheiter for unge vaksne. Med fokus på engasjement, samarbeid og innovasjon, kan denne samlinga vere starten på noko stort og betydningsfullt for målgruppa Unge vaksne og samfunnet som heilskap.
Heile programmet finn ein her: