Læring, demokrati og deltaking
Strategiplan for Voksenopplæringsforbundet 2023-2030
Læring, demokrati og deltaking
Sidan 1932 har Vofo fremma vaksne si læring ved sidan av det formelle utdanningssystemet. Vaksenopplæring i frivillige organisasjoner er ei viktig drivkraft for samfunnsendringar som gjer folk nye moglegheiter og byggjer levande lokalsamfunn.
Mandat, samfunnsoppdrag og visjon
Strategiplanen er eit mandat frå årsmøtet som Vofo skal leggje til grunn for all utvikling, planlegging og aktivitet i strategiperioden. Strategien er forankra i samfunnsoppdraget til Vofo:
- Være interesseorganisasjon for studieforbunda, nasjonalt og regionalt.
- Ivareta fellesoppgåver for studieforbunda og støtta studieforbunda overfor offentlegemyndigheiter og andre.
- Fremme vaksne si læring ved å bidra til mangfald, utvikling og ny kunnskap og være eit felles forum for vaksne si læring i demokratiske og ideelle organisasjonar.
Vofo er ein demokratisk paraplyorganisasjon som skal ivareta medlemmene sine felles interesser. Vi skal være eit fagmiljø for studieforbunda og eintydeleg stemme som medverkar til politisk og fagleg forankra utvikling. Vofo skal fremme samfunnsverdien av vaksenopplæring i det 21. hundreåret.
Visjon
Vi skaper gode læringshistorier, der folk utviklar sin eigen livssituasjon og samfunnet rundt seg gjennom læring.
Verdiar
Medlemmer, tillitsvalde og tilsette i Vofo deler grunnleggjande verdiar som utgjer ei felles plattform for verksemda i alle ledd.
LÆRING
Vi byggjer kompetanse og bidrar til læringslyst og meistring.
DEMOKRATI
Vi byggjer aktive medborgarar og bidrar til tillit og openheit.
DELTAKING
Vi fremmer likestilling, mangfald og inkludering.
Mål og oppfølging av strategiplanen
Føresetnadane for aktiviteten vår vil forandre seg gjennom heile perioden. For å gjennomføre strategien må vi evaluere og finne dei viktigaste aktivitetane og resultatmåla frå år til år:
- Styret vedtek ein handlingsplan med 3-5 konkrete delmål til kvart av satsingsområda i strategien.
- Fylkesutvala vedtek regionale handlingsplanar med konkrete delmål til satsingsområda i strategien i kvart fylke.
Berekraftsmåla til FN skal ligge til grunn for planarbeidet.
Satsingsområde for perioden 2025–2030
- Vofo skal styrke rammevilkåra for vaksenopplæring i frivillige organisasjonar
Gode rammevilkår gir studieforbunda stabile økonomiske og organisatoriske forhold, slik at dei kan bruke meir tid på læring og mindre på administrasjon. Vofo jobbar for betre finansiering, enklare regelverk og sterkare forankring i offentleg politikk. Dette gjer vaksenopplæring i frivillige organisasjonar meir robust og levedyktig.
Vi vil prioritere:
- å fremja verdien av vaksenopplæring i frivillige organisasjonar
- å styrke finansieringa av studieforbund.
- å utløyse potensialet til studieforbunda i offentleg planverk.
- å forenkle og kvalitetssikre forvaltninga i studieforbunda.
- å styrke samarbeidet med partnararinnanfor utdanning, arbeidsliv og sivilsamfunn.
2. Vofo skal styrke eit samla fagmiljø for vaksenopplæring i frivillige organisasjoner
Eit sterkt fagmiljø gir studieforbunda betre kunnskap, metodeutvikling og samarbeid, noko som aukar kvaliteten på opplæringa. Vofosamlar og styrker dette miljøet slik at studieforbunda kan lære av kvarandre og stå sterkare i samfunnsdebatten. Dette gjer Vofo til ein tydeleg og truverdig aktør i arbeidet med vaksenopplæring.
Vi vil prioritere
- å styrke det faglege samarbeidet mellom studieforbund.
- å påverke den offentlege samfunnsdebatten.
- å fremme forsking- og utviklingsaktivitet for vaksenopplæring i frivillige organisasjonar
3. Vofo skal bidra til meir og betre opplæring for fleire
Fleire deltakarar og betre kurs styrker både studieforbunda og Vofo si rolle som pådrivar for vaksenopplæring. Vofo jobbar for å fjerne hindringar for deltaking, utdanne dyktige kursleiarar og synleggjere gode læringshistorier. Dette aukar studieforbunda sin relevans og gjer det enklare å sikre støtte og samarbeid.
Vi vil prioritere
- å fjerne hindringar for deltaking, motvirke utanforskap og fremme folkehelse.
- å fremme berekraftig utvikling i verksemda til studieforbund.
- å utdanne gode kursleiarar og kursarrangørar.
- å dokumentere og synleggjere gode læringshistorier.