Hopp til hovedinnholdet

Musikk, fellesskap og beredskap

Kva har musikk med beredskap å gjere? Meir enn vi kanskje tenker over. For Rogaland musikkråd handlar beredskap ikkje berre om krisehandtering – men om menneske, fellesskap og demokrati.
Liv Tjemsland, leiar i Rogaland musikkråd
Liv Tjemsland, leiar i Rogaland musikkrådFoto: Kristin Myrmel

Rogaland musikkråd sin rolle i eit robust samfunn

Beredskap handlar om noko djupare. Det handlar om identitet og motstandskraft, seier Liv Tjemsland, leiar i Rogaland musikkråd.

Ho viser til utsegner frå statssekretær Trude Storheim, som løfta fram kulturens rolle i totalberedskapen: Kulturen er vårt demokratiske skjold – og beredskap er meir enn kuler, kutt og matlager.

Frivilligheita som beredskap

Pandemien blei ein augeopnar. Då samfunnet stengde ned, blei det tydeleg kor viktige dei fysiske møteplassane er.

– Vi såg kor avgjerande det er å ha arenaer der folk møtest, ikkje berre digitalt. I møte med andre får vi korrigert oppfatningar, bygd tillit og skapt nettverk, seier Tjemsland.

Likevel peikar ho på eit paradoks:
Lokale musikk- og kulturråd og frivillige organisasjonar er i liten grad kopla på kommunane sitt arbeid med totalberedskap.

– Det er ein stor svakheit. Frivilligheita sit på nettverk og kapasitet som kan mobiliserast raskt i kriser.

Under pandemien tok Norsk musikkråd tidleg ei aktiv rolle, mellom anna ved å utvikle retningslinjer for trygg aktivitet. Det viser kor raskt frivillig sektor kan omstille seg – og bidra.

Demokratisk kraft i lokalsamfunnet

Rogaland musikkråd er meir enn ein interesseorganisasjon. Dei er ein arena for læring, deltaking og demokratibygging – heilt i tråd med Vofos samfunnsoppdrag.

Gjennom kurs, opplæring og aktivitetar lærer folk ikkje berre musikk – dei lærer samarbeid, organisasjonsforståing og medborgarskap.

Dette samsvarer med det Vofo løftar fram i sitt arbeid:
Frivillig opplæring styrkar fellesskap, inkludering og demokratisk deltaking

– Når folk deltek i frivillige organisasjonar, utviklar dei også demokratiske verdiar. Det er ein viktig del av samfunnsberedskapen, seier Tjemsland.

Kampen for rammevilkår

Samtidig står sektoren i krevjande rammer. I Rogaland blei tilskotet til studieforbunda fjerna av fylkeskommunen i 2025 – nærast med eit pennestrøk.

– Det opplevast som å stange hovudet i veggen. Det er vanskeleg å få fram kor viktig denne opplæringa er, seier Tjemsland.

Manglande forståing for verdien av frivillig opplæring kan få konsekvensar:

  • færre kurs
  • mindre deltaking
  • svakare lokalsamfunn

Dette står i kontrast til målet om å styrke vaksenopplæring som ein del av samfunnsutviklinga.

Musikk som meistring og ny start

Midt i dette arbeidet står dei konkrete aktivitetane – der menneske møtest og lærer.

Eitt av dei mest populære tilboda er lyttekursa med professor emeritus Per Dahl, der deltakarane får djupare innsikt i klassisk musikk før dei går på konsert. Kvart år samlar kurset 40–50 deltakarar.

Men kanskje aller tydelegast kjem samfunnsverdien fram i prosjektet Musikk i fengsel og frihet.

I ute-tilbodet samarbeider Rogaland musikkråd med Stavanger Røde Kors for å gi menneske etter soning eller rusbehandling ein ny start gjennom musikk.

– Gjennom musikken får deltakarane oppleve meistring, fellesskap og tru på eigne evner, seier Tjemsland.

Konserten Lyden av frihet var eit høgdepunkt – der deltakarane stod på scena som artistar, saman med etablerte musikarar.

Lyden av frihet
Lyden av frihetFoto: Lyden av frihet, Rogaland musikkråd

Behov for sterkare samarbeid

Tjemsland peikar også på behovet for betre samspel mellom frivillig sektor og det offentlege.

– Vi må få meir kunnskap om kvarandre. I dag er det ofte opp til oss i frivilligheita å nå fram til kommunane.

Ho meiner også at rolla til Vofos fylkesutval kan bli tydelegare:

– Når mandatet blir utydeleg, blir også ansvaret og engasjementet meir uklart. Den regionale forankringa er viktig.

Liv Tjemsland
Liv TjemslandFoto: Kristin Myrmel

Ei investering i framtida

For Rogaland musikkråd handlar arbeidet til sjuande og sist om menneske.

Om å skape arenaer der folk lærer, deltek og høyrer til.

Om å bygge samfunn som toler kriser – fordi dei har sterke fellesskap.

– Beredskap handlar ikkje berre om system. Det handlar om folk. Og det byggjer vi kvar dag, gjennom musikken, seier Liv Tjemsland