Hopp til hovedinnholdet

Fordypning i tre og tradisjon på Hjerleid

Populært møbelsnekkarkurs på Hjerleid Handverkskule
Sinking på Hjerleid
Slik utføres sinkingFoto: Kristin Myrmel

Fagleg fordjuping

10–12 vaksne deltakarar var samla til møbelsnekkarkurs på Hjerleid Handverkskole 16.–20. februar. I verkstaden var det konsentrasjon, lukta av treverk – og ei tydeleg kjensle av fagleg fordjuping.

Kurset vart leia av lærar Svein Kleiven, og gjennom veka fekk deltakarane mellom anna arbeide grundig med tradisjonelle samanføyingsteknikkar i tre.

Lærar Svein Kleiven
Lærar Svein KleivenFoto: Kristin Myrmel

Ei av teknikkane dei fordjupa seg i var sinking – også kalla tapping. Dette er ein metode for vinkla samanføying av tremateriale, ofte brukt i skuffer og kassar. Samanføyinga skjer ved hjelp av éin eller fleire svalehaleforma tappar som grip inn i tilsvarande innsnitt i endestykket. Resultatet er både sterkt, presist og vakkert – og eit kjenneteikn på godt handverk.

Haakon Langballe
Haakon Langballe ville lære noko praktiskFoto: Kristin Myrmel

– Eg jobbar med IT i bank, fortalde deltakar Haakon Langballe. – Eg hadde behov for å gjere noko heilt anna, og fordjupe meg i praktisk handverk.

Han er ikkje åleine om å søkje noko meir handfast i kvardagen.

– Det er utruleg kjekt å lære noko nytt, seier Kristian Årdal, ein annan av deltakarane.

Kristian Årdal i djup konsentrasjon
Kristian Årdal i djup konsentrasjonFoto: Kristin Myrmel

Han har nyleg teke over Jølstramuseet og arbeider med å vedlikehalde gamle hus. No ønskjer han å lære meir om møbelsnekring, slik at han kan ta vare på både bygningar og interiør med respekt for tradisjonane.

For fleire av deltakarane handlar kurset om meir enn å lage eit møbel. Det handlar om å forstå materialet, teknikken – og historia som ligg i handverket.

Læring utanfor det formelle systemet

Fagleg fordjuping er eit kjenneteikn ved fleire av kursa som studieforbunda og medlemsorganisasjonane deira arrangerer over heile landet. Her finst det rom for å gå i djupna – anten det handlar om tradisjonshandverk, kulturfag eller organisasjonskompetanse.

– Det finst til dømes enkelte «raudlista» handverksteknikkar som ein berre kan lære gjennom vaksenopplæringskurs, seier generalsekretær i Vofo, Stian Juell. – Det er det ikkje alle som veit, fordi dette ligg utanfor det formelle utdanningssystemet.

Nettopp her ligg noko av styrken i den frivillige vaksenopplæringa: Ho tek vare på kunnskap som elles kunne gått tapt, og gir vaksne høve til å utvikle både ferdigheiter og nye sider ved seg sjølve.

Levande læringsmiljø

På Hjerleid handlar det ikkje berre om teknikk, men om å vere del av eit læringsfellesskap. Små grupper, tett rettleiing og høve til å arbeide konsentrert over fleire dagar gir ei anna form for læring enn det mange er vane med frå arbeidslivet.

Slik blir eit møbelsnekkarkurs meir enn eit kurs. Det blir ei læringshistorie – om meistring, fordjuping og om å halde liv i kunnskap som formar både menneske og samfunn.

Skulen er eigd av dei to ideelle organisasjonane Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon, og har som føremål å drifte og vidareutvikle vidaregåande opplæring i tradisjonshandverk etter godkjende læreplanar.

HER finn du fleire kurs ved Hjerleid som er åpne for alle.

Ferdig
Ferdig!Foto: Kristin Myrmel