Hopp til hovedinnholdet

Fire år med krig – markering i Ålesund

– Ein dag vil angriparen måtte innsjå at den ukrainske identiteten er umogleg å øydeleggje, sa Vofo sin rådgjevar Ragnar Johansen i sin appell.
Ukrainsk markering i Ålesund
Ukrainsk markering i ÅlesundFoto: Valentina Haponova

Markering i Ålesund

Det var ei sterk og verdig markering i Ålesund då fireårsdagen for den russiske invasjonen av Ukraina vart markert. Mange møtte fram for å vise solidaritet med det ukrainske folket – og for å halde oppe merksemda om ein krig som framleis pregar Europa.

Ragnar Johansen, rådgjevar i Vofo Møre og Romsdal
Ragnar Johansen, rådgjevar i Vofo Møre og RomsdalFoto: Privat

Blant dei som heldt appell, var Vofos rådgivar i Møre og Romsdal, Ragnar Johansen. Også varaordførar i Ålesund, Jessica Gärtner (H), deltok på markeringa.

Ragnar Johansen i Vofo og varaordfører i Ålesund Jessica Gärtner (H)
Ragnar Johansen i Vofo og varaordfører i Ålesund Jessica Gärtner (H)Foto: Privat

– Ei trygg hamn i ei uroleg tid

I si helsing til det ukrainske miljøet i regionen løfta Johansen fram både alvoret i situasjonen og betydninga av fellesskap og frivillig innsats:

– Ja, det er krig i Europa! Igjen er det ein diktator som ikkje respekterer andre folkegrupper si eigaart og landegrenser, sa han i talen sin.

Han peika på at krig set spor i generasjonar, og understreka kor viktig det er at dei som no bur i Noreg, opplever tryggleik og støtte:

– For dykk som er her i Ålesund, på Sunnmøre og i Noreg, er det viktig at De kan oppleve ei trygg hamn med menneskeleg støtte og omsorg. Det håpar eg vi i frivilligheita kan bidra til.

Frivilligheita som fellesskap og læringsarena

Johansen trekte særleg fram innsatsen til det ukrainske miljøet i regionen, og samarbeidet med frivillige organisasjonar. Han viste til arbeidet i Foreningen for ukrainsk kreativitet og identitet (FUKI), som er registrert i Frivilligregisteret og har vorte medlem i Studieforbundet Livslang Læring.

Gjennom kurs, arrangement og samarbeid med norske organisasjonar, har dei både teke vare på eigen identitet og bidrege aktivt inn i lokalsamfunnet.

– De viser eit pågangsmot og eit ønskje om å bidra som vi berre må beundre, sa Johansen.

Han avslutta med å løfte fram dei felles verdiane som bind oss saman:

– Ein dag vil angriparen måtte innsjå at den ukrainske identiteten er umogleg å øydeleggje. Saman vil vi halde fridomsdraumen levande.

Ukrainsk markering i Ålesund
Ukrainsk markering i ÅlesundFoto: Valentina Haponova