Regional integreringskonferanse Vestland 2025
Kva rolle kan frivilligsektoren spele i det generelle integrerings- og inkluderingsarbeidet i kommunane?
Vestland fylkeskommune arrangerte Regional integreringskonferanse 2025 fredag 10. oktober. Vofo deltok på konferansen ved politisk seniorrådgjevar Torgeir Toppe.
Under konferansen stod temaet Berekraftig integrering – styrking av rettleiarrolla og samhandling mellom kommune og frivilligheit på dagsordenen.
Korleis kan ein sikre robuste tenester som handterer stadig opp- og nedbygging, og kva rolle kan frivilligsektoren spele i det generelle integrerings- og inkluderingsarbeidet i kommunane?
Målgruppa var kommunar, organisasjonar og frivillige lag og foreiningar som arbeider med integrering. Temaet for konferansen var korleis vi kan løyse komplekse oppgåver i ei tid der kommuneøkonomien er under stadig større press.
Dei siste åra har heile landet opplevd rekordstore busettingstal som følgje av krigen i Ukraina. Kommunane i Vestland har òg gjort eit stort løft for å byggje opp tenester og kompetanse til å møte auka behov. Mange har tilsett nye medarbeidarar, og den kommunale førstelinja har rigga seg for å ta imot nye brukargrupper.
Med auka press på kommunale tenester følgjer òg auka press på frivillig sektor. Nokre melder om at det kan vere krevjande å møte personar som har store behov for rettleiing og bistand til å finne fram i det norske systemet. Frivilligsektoren står sterkt i Noreg, men fleire opplever at det er utfordrande å rekruttere nye innbyggjarar til lag og foreiningar – både til tillitsverv og anna frivillig arbeid.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) oppmodar kvart år kommunane om kor mange flyktningar dei ønskjer å busetje. I 2025 er desse oppmodingstala justerte ned, ettersom busettingsbehovet viste seg å vere lågare enn venta. Det er likevel naturleg å vente at talet på deltakarar i introduksjonsprogram vil gå ned framover. Trass dette vil det framleis vere eit stort behov for oppfølging på integreringsfeltet frå den kommunale førstelinja, og presset på tenestene vil halde fram i overskodeleg framtid etter fleire år med rekordhøge tal.
Over 100 personar deltok på konferansen. Det vart sett av tid til gruppearbeid, og deltakarane sine synspunkt vart viktige bidrag for fylkeskommunen og kommunane.

Det var mange gode innleiarar på konferansen – frå IMDi, frå fylkeskommunen, frå NORCE og ikkje minst frå Voss kommune, som delte erfaringar med tverrfagleg samarbeid på tvers av kommune og frivilligheit.