Hopp til hovedinnholdet

Kulturens rolle i å bygge gode lokalsamfunn

Kulturkonferansen Vestland 2025: Kulturpolitikk – korleis byggje gode lokalsamfunn?
Kultur på resept?
Kultur på resept?Foto: Torgeir Toppe

Tirsdag 18. november var kulturpolitikarar, kunst- og kulturaktørar, tilsette frå kommunar og fylkeskommune – og frivillig sektor – samla til Kulturkonferansen Vestland 2025, som denne gongen vart arrangert i Florø. Vofo var sjølvsagt til stades når kulturfeltet drøfta hovudtemaet for årets konferanse: Kulturpolitikk – korleis byggje gode lokalsamfunn?

acob Nødseth, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune
Jacob Nødseth, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommuneFoto: Torgeir Toppe

Konferansen vart leia av Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Han ønskte velkomen til ein dag som samla kulturfolk frå heile fylket til fagleg påfyll, inspirasjon og relasjonsbygging – eit viktig utgangspunkt for eit sterkare og meir samspelt kulturliv i regionen.

Kultur som samfunnsbyggande kraft

Første innleiar ut var professor Sigrid Røyseng frå Norges musikkhøgskole og BI, med eit engasjerande foredrag om kulturens potensial som samfunnsbyggande kraft. Røyseng peikte på kultur som ein nødvendig ressurs for gode liv – ikkje berre som aktivitet, men som sosial infrastruktur.

Ho løfta fram ideen om sosiale resepter:
– Kanskje burde legane i større grad skrive ut deltaking i frivillige aktiviteter i staden for medisinar, sa Røyseng, og peikte på korleis kulturaktivitetar kan:
• styrke meistringsevne
• redusere isolasjon
• byggje fellesskap og inkludering
• skape robuste lokalsamfunn
• avlaste helsevesenet

Dette er perspektiv Vofo kjenner godt igjen. Vaksenopplæring i frivillige organisasjonar gjer nettopp dette: byggjer livskvalitet, kompetanse og deltaking – og er ein del av fundamentet i eit demokratisk og inkluderande samfunn.

Kva formar kulturpolitikken?

Forskningssjef Erik Henningsen frå NIBR ved OsloMet tok for seg korleis politiske prioriteringar – og mangelen på dei – har forma kunst- og kulturfeltet. Henningsen peikte på at kulturpolitikken ofte vert utvikla i dialog med aktørar som institusjonar, forvalting og kulturorganisasjonar, men at publikum – dei som faktisk nyttar kulturtilbodet – sjeldan er representerte i desse prosessane.

Han utfordra politikarane til å tenkje breiare om kven kulturpolitikken er til for, og korleis lokalsamfunn og innbyggarar kan involverast meir direkte. Dette er viktig også for Vofo sitt arbeid: demokratisk deltaking krev at fleire stemmer blir høyrt, og at lærings- og kulturarenaene våre er opne og relevante for breie grupper.

Når administrasjonen møter politikken

Professor Dag Ingvar Jacobsen frå Universitetet i Agder presenterte eit humoristisk og skarpt innlegg om møtet mellom politikk og byråkrati. Med utgangspunkt i Weber skildra han ulike logikkar:
• Politikk: verdiar, interesser, representativitet – og glød
• Administrasjon: fakta, faglegheit og distanse

Hvordan løfte kulturfeltet
Hvordan løfte kulturfeltetFoto: Torgeir Toppe

Jacobsen understreka at kulturfeltet må samarbeide breitt og søkje alliansar på tvers av sektorar – til dømes med utdanning, helse, næring og distriktspolitikk. Skal kultur bidra til utvikling i lokalsamfunna, må det tenkjast heilskapleg.

Dette er ein bodskap som treffer midt i Vofo sin strategi: vaksenopplæring og kulturfrivilligheit er tverrsektorielle kraftsenter som bind samfunnet saman og byggjer både demokrati og deltaking.

Vofo sitt blikk på kulturpolitikken i Vestland

For Vofo er Kulturkonferansen Vestland ein viktig møteplass. Her blir det tydeleg at kulturpolitikken ikkje berre handlar om kunst, men om læring, fellesskap og sosial berekraft – kjerneområde i Vofo sitt samfunnsoppdrag.

Vaksenopplæring i frivillige organisasjonar er ein sentral del av kulturøkologien i Vestland. Læring i frivilligheita gjer lokalsamfunn sterke, inkluderande og levande – og slik byggjer vi den typen samfunn konferansen løfta fram.

Vofo ser fram til vidare samarbeid med Vestland fylkeskommune og alle aktørane som bidreg til å styrke kultur, læring og deltaking i heile fylket.