Hendinga Hovedredningssentralen Sør-Norge viste til i Twitter-meldinga, var eit søk i fjellet der skiløparar hadde blitt overraska av dårleg vêr. Dette er eitt av mange døme på korleis frivillige får til å bidra med lokalkunnskap, redningskunnskap og vilje til innsats.
Ifølgje ein rapport frå Nasjonalt Redningsfaglig Råd er det rundt 10 000 frivillige operative mannskap over heile landet. På ti år har talet på redningsoppdrag dobla seg frå om lag 1 800 i 2007 til kring 3 600 i 2017. I rapporten blir det framheva at:
”Redningstjenesten er avhengig av tre hovedelementer: De riktige individene, riktig opplæring og trening, og det rette utstyret. Ingen av disse faktorene kan tas bort uten at det får konsekvenser.”
Lokal opplæring og kjennskap
Monica Lunde er seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Innlandet og tidlegare tillitsvald og rådgjevar for førstehjelp og redningsteneste i Norsk Folkehjelp i den same regionen. Norsk Folkehjelp er medlem i Studieforbundet AOF Norge.
– Du har vore med i beredskapsarbeidet i Norsk Folkehjelp i mange år. Kan du seia litt om opplæringsverksemda lokalt?
– Alle lokallag som har instruktør skal eller bør gjennomføra kurs i løpet av året. Vi har mange kurs, men dei mest vanlege er Kvalifisert nivå førstehjelp (30-35 timar). Når du har gjennomført dette, blir du godkjent mannskap i NF. Deretter er det grunnkurs søk og redning på ca. 35 timar. Har du dette, kan du delta på søkje- og redningsaksjonar med søk etter sakna og søk etter person på kjent posisjon.
Mange mindre lag samarbeider gjerne om kurs fordi då får ein fleire deltakarar. Det har òg vore vanleg at regionane har arrangert kursa ein gong i året fordi ikkje alle lag har instruktør.
Kor viktig er det at det føregår i lokalmiljøet?
– For rekrutteringa sin del er det viktig at det er lokalt. Men vi har òg sett at det er positivt å få samla fleire med same interesse i regionale kurs. Den største utfordringa med dei regionale kursa er at dei då blir gjennomførte over fleire dagar og med overnatting. Det blir dyrare for lokallaga å senda folk på kurs.
Ser du nokre effektar når det gjeld oppleving av meistring og inkludering?
– Eg ser absolutt det. Vi har både utdanna nye mannskap og nye instruktørar. Kursa er jo svært praktiske og er lagde opp slik at ein skal fokusera i hovedsak på det man får til, mindre på det ein ikkje får til. Alt det faglege skal sjølvsagt vera riktig. Eg har sett at folk har utvikla sjølvtillit i løpet av eit kurs. Det å vera med, kunna bidra til å redda liv, det aukar sjølvtilliten.
Det ser ut til at det stadig blir stilt høgare krav til kompetanse. Kva betyr det at opplæring hjå frivillige og ideelle aktørar heng med?
– Samfunnet stiller stadig høgare krav til alle – òg dei frivillige. Ein kan sjå på døme som Preikestolen, Trolltunga og Galdhøpiggen. Vi (Noreg) ønskjer auka turisme og fleire drar til ”Instagram-stader”. Det set frivilligheita under press. Vi må vera fleire og endå betre trente. Det set krav til utstyr, og dei frivillige organisasjonane har vore på hogget i fleire år i forståinga av at om ein skal vera attraktiv for nye medlemmer– og effektive i søk – må utstyr, kompetanse og treningshyppighet gå saman. Då er vaksenopplæringstilskot viktig for å finansiera kompetansen.
Kva med utdanning av leiarar? Kunne ikkje det offentlege ta seg av dette i staden for frivillige?
– Jo, det kunne det offentlege sikkert ta meir ansvar for, men når organisasjonane sjølve utdannar sine eigne leiarar, får ein òg med kulturaspektet i organisasjonen. Det er det viktig å få med. Du skapar samhald innanfor organisasjonen, og det kan gjera at du får med dei frivillige over fleire år. Då har du både leiarar og aktive i redningsteneste over lengre tid. Og det er ikkje minst ein eigenverdi i det frivillige.
No er du seniorrådgjevar innan samfunnstryggleik og beredskap hjå Fylkesmannen i Innlandet. Dermed ser du dette frå ein annan vinkel. Korleis ser samvirket med frivillige ut frå den posisjonen?
– Etatane greier jo ikkje å løysa alle oppdrag åleine, og det gjeld særleg der det trengst mykje folk. Det kan vera å bemanna pårørandesenter og slikt. Dessutan trengst det folk som er trente og lokalkjende når det gjeld søk i område der køyretøy som ambulanse ikkje kan koma til.
Frivillige er sentrale i beredskap og samvirke
Eitt av dei sentrale prinsippa for beredskap og krisehandtering i Noreg er samvirkeprinsippet (sjå faktaboks for omtale av dei fire prinsippa). I mange redningsaksjonar er samvirket mellom frivillige, politiet og kommunar heilt sentralt. Samvirkeprinsippet inneber at:
Myndigheter, virksomheter og etater har et selvstendig ansvar for å sikre et best mulig samvirke med relevante aktører og virksomheter i arbeidet med forebygging, beredskap og krisehåndtering.
I den siste stortingsmeldinga om samfunnstryggleik (Meld. St. 10 (2016-2017), s. 50) heiter det i eit underkapittel med tittelen Frivillige organisasjoner – en bærebjelke i beredskap og redning:
"Når det gjelder søk etter savnet person, redning av personer fra terrenget og innsats i snøskred, er frivillige den primære ressursen samfunnet vårt kan spille på. Dette stiller store krav til responsevne, opplæring, utrustning og trening hos de frivillige redningsorganisasjonene."
På lokalt nivå er særleg tre aktørar viktige: Politiet, dei frivillige og kommunen. Deltaking frå frivillige høyrer med når ein i forskrift om kommunal beredskapsplikt (til lov om beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret [sivilbeskyttelsesloven]) peikar på ”relevante offentlige og private aktører”. Frivillige er representerte i redningsleiinga i Lokal redningssentral (LRS) i heile landet og i Hovedredningssentralen (HRS).
Døme på samvirke med politiet: Frivillige i Viking Sky-hendinga
Då cruiseskipet Viking Sky fekk motorstans og kom i havsnaud i Hustadvika mellom Kristiansund og Molde i mars 2019, var om lag 500 mannskapar og frivillige på plass til innsats på mottakssenteret i Brynshallen. Evalueringa frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser mellom anna at politiet delegerte oppgåver med registrering til Raudekrossen og Norsk Folkehjelp.
Hovudprinspippa for beredskap og krisehandtering1. Ansvarsprinsippet Den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i en normalsituasjon, har òg ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtera ekstraordinære hendingar på området. 2. Likskapsprinsippet Den organisasjon einn opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vera mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg. 3. Nærleiksprinsippet Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå. 4. SamvirkeprinsippetMyndigheiter, verksemder og etatar har eit sjølvstendig ansvar for å sikra eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering. Kjelde: Justis- og beredskapsdepartementet.
|
Les òg om Norske Redningshunder: Kvalitetsopplæring redder liv (2017)
Litteratur
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. (2020). Evaluering av Viking Sky-hendelsen.
Forskrift om kommunal beredskapsplikt.
Justis- og beredskapsdepartementet. (2016). Risiko i et trygt samfunn: Samfunnssikkerhet. (Meld. St. nr. 10 (2016-2017)).
Nasjonalt Redningsfaglig Råd. (2018). De frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonenes rolle i dagens samfunn: Utfordringer og tiltak for en styrket redningstjeneste.
Skiple, J. K. & Winsvold, M. S. (2020). Lokalt beredskapssamarbeid: Frivillige, politi og kommuner I lokalt beredskapsarbeid (Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor Rapport 2020:4).
Berit Rekve, Vofo.