VOFO Sogn og Fjordane

Nytt styre i VOFO Sogn og Fjordane

31. mai arrangerte VOFO Sogn og Fjordane eit vellukka årsmøte på Førde Hotell. Møtet samla 13 deltakarar og det vart ein god diskusjon om vegen framover. Ove Roger Indrekvam frå Folkeuniversitetet Vestlandet vart vald til ny leiar, og fekk med seg eit styre med god blanding av nye og erfarne folk.

 

Ny vaksenopplæringslov

Ny lov om vaksenopplæring trådte i kraft frå 01. januar 2010.

Les meir på vofo.no
 

 

Læringsdagane 2009 - Vi har ein vinnar


Vinnaren av konkuransen i høve markeringa av Læringsdagane 2009

Det tok tid – men no er det klart at det vart Hallgeir Dvergsdal frå Jølster si forteljing om bureisinga i Dvergsdalen som gjekk av med sigeren.
Premien er kr. 5.000.- som han kan nytte fritt.

Det var mange fine historier kvar på sin måte, men historia om bureisinga i Dvergsdalen var spesiell, fordi den så godt skildrar oppbygginga av ei grend frå der var berre ein familie og til at dei kom so langt at dei ville ha skule i "bygda".
Den fortel om korleis ein gradvis måtte bygge opp både sin eigen heim og si eiga grend.
Dei måtte være nøysomme i den tida på alle måter.
Det vert ein kontrast til dagens samfunn, der ein skal ha nøkkelferdig hus med alle fasiliteter på plass ved innflytting.
Det er med mange fine bilete som skildrar utviklinga.
Nedanfor finn de eit dokument med lenke til historiene
images/file/konkurranse resultat.doc

 

Kurs i Digitalt fortalt

22.oktober 09

 

Midlar til prosjekt og drift for 2009

Årsmøtet i Vofo Sogn og Fjordane har bestemt at det for 2009 vert løyvd totalt kr. 65.000 til Studieforbunda her i fylket.

 

Læringsdagane 2009

Læringsdagane 2009 vert i veke 43 frå 19. - 25. oktober. I Sogn og Fjordane vert det markering i Førde.

 

Gratis opplæring for vaksne

Er du over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande skule har du kanskje rett til gratis utdanning. Du kan lese meir på Fylkeskommunens hjemmeside her.

 

Ny lov om vaksenopplæring

Ny lov om vaksenopplæring vart vedtatt måndag 15. juni 06.

 

Ny lov om vaksenopplæring

 

Innstillingen til ny lov inkluderer kommuner og fylker!
Norges lover   VOFO har fått gjennomslag for at fylkenes og kommunenes ansvar for voksnes læring nevnes i den nye loven, det går fram av innstillingen fra komiteen som ble klar i dag. "Kommuner og fylkeskommuner kan gi tilskudd til studieforbund ut fra kommunale og fylkeskommunale planer", står det i loven. - Dette er en lettelse sier generalsekretær Sturla Bjerkaker.
Les mer...

 
Syndiker innhold