Under tittelen "Fylkeskommunens kompetansepolitiske rolle - og samhandlingen med sentrale samfunnsaktører" sette Bamrud opp ein vev av strategiske trådar i føredraget sitt. Han er prosjektleiar for samanslåinga av Hedmark og Oppland og tek til som fylkesrådmann ved årsskiftet.
Innlandet fylkeskommune har fire hovudmål der eitt rettar merksemda mot særleg kompetansepolitikken: Relevant kompetanse for eit konkurransedyktig arbeids- og næringsliv. På det neste steget i målstrukturen konkretiserer tre av hovudmåla dette. Desse dreiar seg om auka verdiskaping, omstillingsevne, kompetanseutvikling tilpassa regionale behov. Dessutan er det eit hovudmål med god kvalitet og høg gjennomføring i vidaregåande opplæring. Bamrud framhevar at tydelege mål gir grunnlag for å sjå kva vi oppnår innanfor dei budsjettrammene som fylkestinget vedtek.
Tverrsektorielt felt
Kompetansepolitikken høyrer til både i utdannings-, nærings-, arbeids-, integrerings- og regionalpolitikken. I Innlandet fylkeskommune er det fordelt på dei tre avdelingane Kompetanse og tannhelse, Næring og internasjonalt samarbeid, og Samfunnsutvikling. Andre fylke kan ha ulike løysingar på organiseringa av dette.
Kompetansepolitikken er òg forankra i fylkesrådmannskollegiet i KS og i Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Bamrud sit i KS' rådmannskollegium og møter desse fem gonger i året. Fylkeskommunane har dessutan etablert eit nasjonalt nettverk for kompetansepolitikk. Bamrud sit òg i Kompetansepolitisk råd. Rådet blei oppnemnt av regjeringa i 2017 og skal følgja opp Nasjonal kompetansepolitisk strategi og videraføra samarbeidet mellom regjeringa, partane i arbeidslivet og Vofo.
Inviterte til påverknad
Eitt av punkta Bamrud framheva var at frivillig sektor blir viktigare enn tidlegare, òg med tanke på inkludering og kompetanseheving knytta til integrering og mangfald i samfunnet. Han oppmoda Vofo og Vofo-regionane om å ta kontakt med dei nye fylka og påverka politikken no som dette er under arbeid. - Ta kontakt med fylkeskommunane raskt om det ikkje alt har gjort det, avslutta Bamrud.
Møtest om kompetansepolitikk for Innlandet.
Dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø, påtroppande fylkesrådmann Tron Ole Bamrud
og Sara Hope Lygre, regionkonsulent for Vofo Innlandet.