Nytt styre i VOFO Sogn og Fjordane
31. mai arrangerte VOFO Sogn og Fjordane eit vellukka årsmøte på Førde Hotell. Møtet samla 13 deltakarar og det vart ein god diskusjon om vegen framover. Ove Roger Indrekvam frå Folkeuniversitetet Vestlandet vart vald til ny leiar, og fekk med seg eit styre med god blanding av nye og erfarne folk. Styret i VOFO Sogn og Fjordane 2011/2012:
Frå venstre:
Per Rune Vereide (styremedlem frå Senterpartiets Studieforbund), Ove Roger Indrekvam (leiar frå Folkeuniversitetet Vestlandet), Synnøve Eriksen Vadøy (styremedlem frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon), Arve Hornnes (nestleiar frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon), Turid Sørland (1. vara frå Sogn og Fjordane Kulturnettverk), Viggo Bjørge (2. vara frå AOF Hordaland/ Sogn og Fjordane) og Atle Atterås (kasserar frå Folkeuniversitetet).


