Læringsdagane 2009 - Vi har ein vinnar

Printer-friendly versionPrinter-friendly versionSend by emailSend by emailPDF versionPDF version


Vinnaren av konkuransen i høve markeringa av Læringsdagane 2009

Det tok tid – men no er det klart at det vart Hallgeir Dvergsdal frå Jølster si forteljing om bureisinga i Dvergsdalen som gjekk av med sigeren.
Premien er kr. 5.000.- som han kan nytte fritt.

Det var mange fine historier kvar på sin måte, men historia om bureisinga i Dvergsdalen var spesiell, fordi den så godt skildrar oppbygginga av ei grend frå der var berre ein familie og til at dei kom so langt at dei ville ha skule i "bygda".
Den fortel om korleis ein gradvis måtte bygge opp både sin eigen heim og si eiga grend.
Dei måtte være nøysomme i den tida på alle måter.
Det vert ein kontrast til dagens samfunn, der ein skal ha nøkkelferdig hus med alle fasiliteter på plass ved innflytting.
Det er med mange fine bilete som skildrar utviklinga.
Nedanfor finn de eit dokument med lenke til historiene
images/file/konkurranse resultat.doc