Læringsdagane 2009

Printer-friendly versionPrinter-friendly versionSend by emailSend by emailPDF versionPDF version

Læringsdagane 2009 vert i veke 43 frå 19. - 25. oktober. I Sogn og Fjordane vert det markering i Førde.

 

 

Markering av Læringsdagane 2009 i Sogn og Fjordane

• Læringsdagane er ei årleg markeing av vaksnes læring, i år vert det markert i veke 43 - frå 19. -25. oktober.
• Målet med Læringdagane er og syne fram det læringstilbudet som finnes og å motivere vaksne til å lære meir.
• Her i fylket vil Vofo Sogn og Fjordane markere Læringsdagane 2009 i lag med ABM Sogn og Fjordane som i samband med Kulturminneåret 2009 har innvitert til 3 dagskurs/workshop i Digitalt Fortalt.
• I veka for Læringsdagane vert det eit ekstra dagskurs i  Concorbygget den 22 oktober som vert avslutta med utdeling av ein premiere på kr. 5.000.- for det beste innslaget som er komen fram under desse kursdagane.
• Samstundes har  studieforbunda med medlemsorganisasjoner høve til og markere sine kurstilbod og aktiviteter på biblioteka rundt om kring i fylket ein el. fleire dagar denne veka.
• Vofo Sogn og Fjordane er parplyorganisasjon for 9 studieforbund, i 2008 hadde dei 10558 kursdeltakarar som gjennomførte 26217 timar. Studieforbunda gjennomfører kurs både på høgskulenivå, vidaregåande skules nivå og meir tradisjonelle kurs.
• ABM Sogn og Fjordane er kanskje ukjend for dykk? Dette er ei ny arbeidseining under kulturavdelinga i fylkeskommunen som vart oppretta i 2008. Bakgrunnen var Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt prosjekt Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling frå arkiv, bibliotek og museum.

For meir informasjon – ta kontakt med:

Vofo Sogn og Fjordane
57 74 20 46/ 99 36 91 78
e-post: sogn.fjordane(at)vofo.no
www.vofo.no/sognogfjordane

 

 

ABM Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Tlf.nr. 57 65 64 08/ 97 19 52 63
www.digidaltfortalt.no